logo_no_text.png
 
 
 

Meny
 
 
 

Fagsamling for dei fylkeskommunale kontrollutvala på Vestlandet

Dei fire fylkeskommunale kontrollutvala på Vestlandet gjennomførde si årlege samling på Sola Strand hotel denne veka

11.1.2019

Sola Strand hotell

Tema for samlinga var samordning av tilsyn, innkjøp og forretningsdrift i vidaregåande kule, arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og misligheter, arbeidsforma til kontrollutvalet og behandling og oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapportar.

 Konttrollutvala deler sine erfaringar ved å legge fram eigne case, i tillegg til at dei denne gang hadde innlegg av Erling Grimstad om arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og misligheter og innlegg frå Maren Skåden frå Fylkesmannen i Rogaland om samordning av tilsyn.

 Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal ynskte deltakarane velkomne til Rogaland.

 Deltakarar var kontrollutvala og kontrollutvalssekretariata  frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune.