Skriv ut

Ny rapport avdekker mangelfulle rutinar

Sogn og Fjordane fylkeskommune får kritikk for å ikkje vere opne nok. Det gjeld møteinnkallingar, innsyn i dokument og mangelfull arkivering.

Det var i kjølvatnet av bråket rundt Fjord1-salet, og skuldingar om at fylkeskommunen ikkje spelte med opne nok kort, at fylkestinget bad om ei ekstern gransking av rutinane.

- Rapporten teiknar eit bilete av at fylkeskommunen ikkje har gode nok rutinar og naudsynt kompetanse hos dei som skal utføre offentleglova, seier leiaren i kontrollutvalet.

Det er kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune som har bestilt rapporten frå revisjonsselskapet Deloitte. Utvalsleiaren seier det er totalen av alle punkta i rapporten som er alvorleg. - Summen av dei viser ei manglande praktisering av dette som er veldig skadeleg for omdømme til fylkeskommunen, men også for offentleg sektor generelt.

Revisjonsapporten avdekkjer at fylkeskommunen ikkje har hatt gode nok rutinar. Det har vore mangelfull kompetanse når det gjeld offentleglova som skal sikre openheit rundt offentleg forvaltning.

I rapporten står det mellom anna at:

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »