Skriv ut

Ber om betre rutinar innan året er omme

Kontrollutvalet vil skjerpe rutinane og auke kompetansen blant tilsette og politikarar etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk kritikk for ikkje å vere open nok.

Innan året er omme skal nye rutinar og ny arkivplan vere på plass. Det skal også ein plan for korleis tilsette og folkevalde skal opplærast om offentlegheit og openheit i forvaltninga av fylkeskommunen.

Bakgrunnen er ein rapport frå Deloitte som viser at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje er open nok. Det gjeld møteinnkallingar, innsyn i dokument og mangelfull arkivering.

- Det er ikkje slik at fylkeskommune ikkje har rutinar og arkivplan. Og det er ikkje slik at fylkeskommunen er verre stilt enn andre fylkeskommunar og kommunar.

- Men kontrollutvalet ser veldig alvorleg på funna i rapporten. Dette er noko vi er nøydd til å ta tak i, og forhåpentlegvis kan vi bli eit eksempel for andre til å sikre meir openheit og meir offentlegheit i forvaltninga, seier leiaren av kontrollutvalet.

Han seier at kontrollutvalet vil at fylkeskommunen først og fremst skal få på plass gode nok rutinar for korleis dokument skal vurderast og handterast. Så skal kompetansen hjå dei som tek avgjerdene om dokument og opne/lukka møter, aukast.

- Og ikkje minst må vi vurdere dei nye kommunikasjonsformene som SMS, Messenger, Facebook, Snapchat, og korleis informasjon her som kan ha påverknad i saker, skal journalførast i framtida, seier utvalsleiaren.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »