Skriv ut

Dette kom fram i forvaltningsrevisjonen om Sogn barnevern

Leiarar, tilsette, arbeidsgjevar, Arbeidstilsynet og Bedriftshelsetenesta får kritikk.

Arbeidsmiljøspesialistene la fram forvaltningsrevisjonsrapporten der dei har granska dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnvern, for eit samla kommunestyre og kontrollutval. Granskinga har sett lys på dei arbeidsmiljøproblema som har vore i Sogn barnevern frå etableringa i 2008 og fram til august 2016. Gjennomgangen har omfatta leiarar, tilsette og vernetenesta på alle nivå.

Arbeidsmiljøspesialistene har jobba med rapporten, som vil kosta kommunen minst 1,2 millionar, sidan april. I arbeidet har dei gjennomført 54 kartleggingssamtalar, og gått gjennom store mengde dokument for å prøva å finna svar årsaka til dei mangeårige arbeidsmiljøutfordringane i Sogn barnevern.

I rapporten får leiarar, tilsette, arbeidsgjevar, Arbeidstilsynet og Bedriftshelsetenesta kritikk, men dei var likevel forsiktig med å trekkja fram syndebukkar eller skildra konkrete dømer på kva som har gått gale. Rapporten peika også på at Sogndal kommune ikkje har teke tak i dei mangeårige problema.

- Det nyttar ikkje å pussa ei tann det er verk i. Det har me opplevd at kommunen har gjort i denne saka. Dei har dytta problema i staden for å ta tak i det, sa Arbeidsmiljøspesialistene.

Rapporten går no til kontrollutvalet for behandling. Dei senda den til KS for å få råd kva om kva delar av rapporten som kan offentleggjerast. Kontrollutvalet skal seinare levera si innstilling til kommunestyret for endeleg handsaming. 

- Me veit enno ikkje kva konklusjonen blir, men me må ta dette viktige arbeidet vidare, sa ordføraren.

- Her er mange interessante lærepunkt. Me skal granska rapporten grundig. Det viktige er at me framleis yter tenestene me skal til denne sårbare gruppa, seier rådmannen.

Les heile saka i Sogn Avis »