logo_no_text.png
 
 
 

Meny
 
 
 

Rapport avdekkjer fylkeskommunale regelbrot

Det er avdekt fleire brot på regelverket om offentlege innkjøp i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Leiaren i kontrollutvalet i fylkeskommunen ser så alvorleg på saka at han har kalla inn til ekstramøte. - For å seie det slik, så er det ikkje berre mindre avvik som er avdekt, fortalde revisoren i Deloitte.

Revisorfirmaet er leigd inn og har gjennomført ein kontroll av fylkeskommunen sine innkjøpsrutinar. På møte i kontrollutvalet tok revisoren ein munnleg gjennomgang av den førebelse rapporten.

Det er fylkestinget som har bede kontrollutvalet ha eit spesielt fokus på offentlege innkjøp etter Fjord1-saka, der fylkeskommunen i strid med regelverket kjøpte konsulenttenester for fleire millionar kroner utan å legge det ut på anbod.

- Vi har mellom anna sett innkjøp som ikkje har vore lagt ut for konkurranse. Relativt mange av dei kontrollerte innkjøpa har ikkje vore godt nok dokumenterte. Vi har funne brot på ulike delar av regelverket, fortalde Deloitte-revisoren. Han viste til at det har vore gjennomført stikkprøvekontrollar av ulike typar fylkeskommunale innkjøp.  

Kontrollutvalsleiaren ser så alvorleg på dette at det vil bli eit ekstramøte i byrjinga av desember for å diskutere saka. - Dette er eit område som vi har spesielt fokus på, ikkje minst sidan fylkeskommunen handlar for om lag to milliardar kroner årleg, seier han. Han meiner det er beklageleg at det også denne gongen viser seg at fylkeskommunale innkjøp ikkje har vore sett ut på anbod.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »

|