Kontrollutvalet i Sogndal lyser ut oppdraget med ekstern undersøking av Sogn barnevern.

Der er det lagt klart mest vekt på kvalitet. – Pris skal ikkje vera avgjerande. Det er flott at me ikkje treng vera opptekne av det. Det blir nesten slik at me vil til botnas i saka for ein kvar pris, seier kontrollutvalsleiaren.

I bestillingsdokumentet er det vekta med 30 prosent på pris, 20 prosent på tid og 50 prosent på kvalitet. Det er vanskeleg for utvalet å kunne seia noko om totalkostnaden det landar på. Kontrollutvalet har oppfatta klare signal om det skal finnast pengar til dette uansett.

Utvalsleiaren undrar seg over at ein etter alle endringane Sogn barnevern har vore igjennom, så er det avdekt avvik tett inn til i dag. Men han reflekterer også over at det er eit krevjande tenesteområde.

– Eg skulle gjerne sett den barnevernstenesta som ikkje har avvik. Det er vanskeleg i ei slik teneste der ein ikkje har fasitsvara. Her er det menneskelege faktorar og relasjonar inne i biletet, seier han, som fekk inn ei presisering i dokumentet. Det handlar om at både noverande og tidlegare tilsette blir involverte i undersøkingane. Frå før er det understreka at rapporten skal ta føre seg leiarar på alle nivå.

No går bestillingsdokumentet ut til nokre firma, med frist 8. mars. Kontrollutvalet skal gje ei innstilling 13. mars. Etter avgjerdsprosessen startar granskinga, og det er von om at resultatet av dette kan handsamast i kommunestyret sitt junimøte.

Les heile saka i Sogn Avis »