Skriv ut

Utsette økonomisak etter møterot

Kontrollutvalet i Sogndal har ikkje fått handsama årsmelding og rekneskap før formannskapet.

Det var konsekvensane av ei tidlegare møteflytting som kasta skugge over handsaminga av rekneskap og årsmelding i formannskapet sist veke.

- Eg kan ikkje vera samd i at dette er godt jobba over heile linja. Arbeidet i forkant har ikkje teke omsyn til at kontrollutvalet skal ha ei godkjenning til årsmelding. Dette er alvorleg, sa Karin Vikane (H).

Det viser seg at kommunestyret tidlegare har vedteke endringar i møtekalenderen. Det førte til at formannskapet vart skyve fram, slik at kontrollutvalet sitt møte kom etter formannskapsmøtet. Dermed mangla fråsegn frå kontrollutvalet til dette møtet.

Vibeke Johnsen (SV) fekk inn ein protokolltilførsel om at kommunestyret må ta ansvar for at formannskapsmøtet vart flytta til før møtet i kontrollutvalet og dei følgjer det har fått i forhold til manglande fråsegn frå kontrollutvalet.

Les heile saka i Sogn Avis »