Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane meiner at utbetalingane i Fjord1-saka i samsvar med regelverket, men ber revisjonen gå gjennom avtalen.

Men trass i at kontrollutvalet ikkje fann grunnlag for å gå vidare med saka om fakturaene og bilaga, vedtok kontrollutvalet at revisjonen skal gå igjennom avtalen med konsulentane for å kontrollere om avtalen er inngått og utført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar. 

– Vi er ikkje fagpersonar på innkjøpsreglane, og difor finn vi det naturleg å be revisjonen om å gjere ei skikkeleg fagleg vurdering av om lover og reglar er følgd i samband med avtalen, seier utvalsleiaren i ei pressemelding.

Les heile saka i Firda »