Sogn og Fjordane fylkeskommune braut lova om offentlege anskaffingar då dei kjøpte konsulenthjelp til Fjord1-salet.

Det er konklusjonen i forvaltningsrevisjonsrapporten som fylkeskommunen sitt kontrollutval har bestilt. Rapporten konkluderer med at fylkeskommunen har brote lova om offentlege anskaffingar av konsulenthjelp, til økonomisk og juridisk rådgjeving.

– Det er veldig skadeleg for fylkeskommunen at vi ikkje har følgd regelverket, i anskaffingar som går opp mot 20 millionar kroner. Éin ting er at vi ikkje følger dei regelverka vi skal følge, men når rådmannen sjølv bryt reglane, gir det eit særs uheldig signal ut i fylkeskommunen, seier leiaren i kontrollutvalet i fylkeskommunen. No vil han vite kvifor konsulenttenestene vart kjøpt utan anbod.

I rapporten har fylkesrådmannen greia ut for si handsaming av oppdraga. Han hevdar det er nyansar i denne saka, mellom anna at politikarar har oppfordra til å til å bruke kortare tid.

Kontrollutvalsleiaren meiner ikkje at dette er nokon god grunn til å bryte lova.

– Ein kan ikkje legitimere lovbrot med at politikarar har hastverk. Det går ikkje, seier han.

Det kontrollutvalet ønsker å finne ut av, er mellom anna kvar systemet har svikta slik at dette ikkje vart fanga opp i fylkeskommunen sine interne kontrollar tidlegare.

– I tillegg skal vi kome med forslag til fylkestinget om kva vi meiner må til for at vi i framtida ikkje skal kome i situasjonar der vi bryt reglane, seier kontrollutvalsleiaren.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »