Kontrollutvalsleiaren meiner leiinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune manglar vilje til å følgje reglane for offentlegdom.

– Den mangelfulle tillysinga av telefonmøtet i fylkesutvalet, og tilsløringa av kva møtet galdt, er i strid med både offentlegheitslova og kommunelova. Det hevdar utvalsleiaren etter ekstraordinært telefonmøte.

Møtet i fylkesutvaletvart halde klokka 09 om morgonen, utan anna offentleg tillysing enn ei kort melding på fylkeskommunens nettside same dag. Denne meldinga fortalde at fylkesordføraren ville orientere i ei eigarskapssak, og at møtet kom til å bli lukka.

Kontrollutvalsleiaren avviser ikkje at det kan ha vore grunnlag for å halde sjølve orienteringa i fylkesutvalet bak lukka dører, men seier framgangsmåten tyder på at lærdomen frå talrike rundar om offentlegdom og innsyn ikkje har sige inn.

Les heile ska i Firda »