Eit samrøystes kontrollutval godtek at 300.000 kroner er utbetalt til Fjord1-konsulentane utan at det har vore kravd innsyn i bilag.

– Det er ikkje så relevant om konsulentane har spist biff eller pommes frites med pølse, seier kontrollutvalet sin leiar i Sogn og Fjordane.

Utan å krevje innsyn i bilag, har fylkeskommunen punga ut om lag 300.000 kroner for utgifter konsulentane skal ha lagt ut i samband med rådgjeving i Fjord1-saka. Fylkeskommunen har samla punga ut 11,6 millionar kroner for å få råd i samband med Fjord1-salet. 

– Under føresetnad av at dei som attesterer fakturaene har gjort ei vurdering av bilaga – og at dei er relevante, er det ikkje grunnlag for å seie at systemet eller kontrollen ikkje har vore tilfredsstillande, seier leiaren.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »