FKT har gitt høringssvar til utkast til forskrifter om gjennomføring av deling av fylker og Ålesund kommune

21.9 2022

Stortinget vedtok 14. juni 2022 deling av Viken fylke (til Østfold, Akershus og Buskerud fylker), deling av Vestfold og Telemark fylke (til Vestfold fylke og Telemark fylke), deling av
Troms og Finnmark fylke (til Troms fylke og Finnmark fylke) og deling av Ålesund kommune (til Haram kommune og Ålesund kommune).

Ettersom inndelingslova inneholder få regler om gjennomføring av deling har departementet
sett behov for å regulere flere forhold enn de som er regulert i loven.

Høringssvaret fra FKT:

«Forum for kontroll og tilsyn viser til høringssvaret fra Ålesund kommune og ber departementet om å ta hensyn til kommentarene fra kommunens kontrollutvalg til §§ 5, 7, 10, 14 og 16.

Vi ber om at tilsvarende bestemmelser i forskriftene som angår deling av fylker vurderes endret.

Kommentarene fra kontrollutvalet i Ålesund:

§ 5 Funksjonsperiode og fullmakter:

I merknaden til denne paragrafen kjem det fram kva fullmakter det noverande kommunestyret skal ha i denne perioden og kva fullmakter dei nye kommunestyra skal ha fram til 1. januar 2024. På same måte bør forskrifta og merknaden vere like tydeleg på funksjonsperiode til noverande kontrollutval. Kontrollutvalet utfører kontroll og tilsyn på vegne av kommunestyret, derfor bør merknaden vere tydeleg på kva kontrollutval som skal føre kontroll og tilsyn på vegne av kva kommunestyre i perioden frå det konstituerande møtet og fram til 1. januar 2024.

§ 7 Val av revisor og sekretariat for kontrollutval

I følgje kommunelova § 24-1 første ledd, skal kommunestyret velje revisorordning etter tilråding frå kontrollutvalet. Altså eit prinsippvedtak der kommunestyret tek stilling til om ein skal vidareføre den revisorordninga som noverande kommune har, tilsetje eigen revisor eller å inngå avtale med annan revisor (konkurranseutsetje). Om kommunestyret skulle gjere prinsippvedtak om å velgje ei anna ordning enn dagens interkommunale samarbeid, må saka handsamast i to omgangar både i kontrollutval og kommunestyre. Det kjem ikkje tydeleg nok fram i merknadane til forskrifta at der først må gjerast vedtak etter § 24-1 første ledd, der vert kun § 24-1 andre og tredje ledd omtala.

§ 10 Interkommunale samarbeid

Forskrifta seier at kommunestyret i noverande Ålesund kommune kan vedta endringar i nødvendige interkommunale samarbeid på vegne av nye Ålesund kommune og Haram kommune. I merknader til forskrifta §10 er samarbeid om revisjon nemnt som eit eksempel på slike interkommunale samarbeid som bør vere på plass før konstituerande møte, og det vil gjelde det same for det interkommunale samarbeidet om sekretariat.

Noverande Ålesund kommune er med i Møre og Romsdal Revisjon SA og Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS som leverer revisjonstenester og sekretariatstenester. Det valet kommunestyret gjer knytt til forskrifta § 7 om val av revisor og val av kontrollutvalsekretariat vil påverke kva endringar som må gjerast i avtalane knytt til desse to selskapa. Det vil td. vere unaturleg at ei kommune er medlem i eit interkommunalt selskap som har som hovudformål å levere sekretariatstenester til kontrollutvalet om ein gjer vedtak knytt til § 7 om å tilsetje eigen kontrollsjef eller å kjøpe tenestene frå td. eit privat sekretariat.

Det er verd å merke seg at eit SA og eit IKS har ulike reglar for innmelding/utmelding av samarbeidet om dei nye kommunane skulle ynskje å revurdere det interkommunale samarbeidet.

§ 14 Økonomiplan og årsbudsjett

I merknaden til forskrifta under § 14 bør det stå at det er kontrollutvalet i noverande Ålesund kommune som skal legge fram budsjettforslaget for kontrollarbeidet for begge dei to nye kommunane. Dette fordi det må ligge ved når formannskapet legg det ut på høyring og dei to nye kommunestyra skal gjere vedtak i budsjettet.

§ 16 Årsrekneskap og årsmelding for noverande kommune

Her er det omtalt at årsrekneskap og årsmelding 2023 for noverande Ålesund kommune skal vedtakast i begge dei nye kommunane og at det er dei nye kontrollutvala som skal gje sin lovpålagte uttale før vedtak i kommunestyret. Det kunne vore tydelegare i forskrift eller merknad kva kommune sitt kontrollutval som skal gje uttale til årsrekneskap og årsmelding 2023 for dei kommunale føretaka som eventuelt vert vidareført eller avslutta/delt. Når det gjeld siste avsnitt i § 16 om val av rekneskapsrevisor for årsrekneskap og årsmelding 2023 og gjennomføring av forenkla etterlevingskontroll, så er ikkje dette relevant dersom ein i § 7 om val av revisorordning har valt å vidareføre det interkommunale samarbeidet. Dette avsnittet vil kun få praktisk konsekvens dersom kommunestyret vel ei anna revisjonsordning enn det ein har i dag knytt til Møre og Romsdal Revisjon SA. Det bør kome tydelegare fram i merknaden at dette avsnittet har samanheng med utfallet av § 7 og at dersom det vert aktuelt skal det skje etter tilråding frå kontrollutvalet i noverande kommune.»