Fagtema

Statsforvaltaren i Vestland avviser krav om lovlegkontroll av vedtak i kontrollutvalet

Saka er frå tidlegare Sund kommune og gjeld oppjustering av festeavgift. Kontrollutvalet vedtok å sende saka over til klagenemnda i kommunen.

Spørsmålet er om vedtaket om å sende saka vidare til klagenemnda i kommunen er eit endeleg vedtak som er gjort av eit folkevald organ eller den kommunale administrasjonen, jf. kommunelova § 27-2 første avsnitt bokstav a, eller om det er ei prosessleiande avgjerd, jf. andre avsnitt bokstav a, og difor ikkje kan kontrollerast.

Vedtaket i denne saka er ei avgjerd om å sende saka til vidare til handsaming i eit anna organ. Vedtaket legg ikkje faktiske eller rettslege føringar for den vidare sakshandsaminga, og det gir heller ikkje ei reell endring eller rettsverknad for kommunen eller andre. Det er difor ikkje ei avsluttande handsaming av saka, men ei prosessuell avgjerd.

På bakgrunn den vurderinga konkluderer statsforvaltaren med at han ikkje har høve til å kontrollere om vedtaket i kontrollutvalet er lovleg.