Fagtema

Lovlegkontroll av avgjerd om å lukke møte i kontrollutvalet

Statsforvaltaren i Vestland er kome til at reglane for lukking av møte ved handsaming av sak  i kontrollutvalet i Øygarden, ikkje vart følgt

Spørsmålet i denne saka er om det er eit krav at det må visast til ein konkret heimel i offentleglova under møtet når det vert drøfta om møtet kan lukkast, jf. kommunelova § 11-5 tredje avsnitt bokstav b.

Kontrollutvalssekretariatet viser til at det vart samrøystes vedteke i ope møte at møtet skulle lukkast, men at heimelen ikkje vart lesen opp i det opne møtet. Det går fram av saka at heimelen vart lesen opp etter at møtet vart lukka.

Statforvaltaren kom til at reglane for lukking ikkje er følgde når det ikkje er vist til eit rettsleg grunnlag for å lukke møtet, og at det utgjer saksbehandlingsfeil, men dette er ikkje er ein feil som kan føre til ugyldigheit i denne saka.