«Som folkevald finn eg meg ikkje i denne form for sjikane», skriv nestleiar i kontrollutvalet i Austrheim om ein epost frå ordføraren. Ordføraren svarer med å visa til at utvalet ikkje har levert det dei har lova.

Det nestleiaren reagerer på, er ein epost ordføraren sende til sekretæren i kontrollutvalet 27. januar. Eposten er svar på om ordføraren kan stilla på eit møte 8. februar og orientera om kontrollutvalet sine roller, oppgåver og forventningar. Det passa ikkje for ordføraren på grunn av ei samling i Oslo, men han skriv at han føler «sterk trong for å møta kontrollutvalet for å avklara roller og arbeidsform i denne perioden».

Det er politianmeldinga av Breidvik Eiendom ordføraren tek opp, ei anmelding fleirtalet i det førre kommunestyret vedtok. «Det står no heilt klart for meg, etter at politisaka er lagt bort med konklusjonen «ingen straffbare forhold funnet», at både kontrollutvalet og Nordhordland Revisjon IKS, kasta bort mykje god arbeidstid på ei ikkje-sak i 2013 og 2014. Dette førte mellom anna til at saker som kommunestyret hadde vedteke at kontrollutvalet skulle jobba med, ikkje vart prioriterte av kontrollutvalet. Slik kan me ikkje ha det i framtida. I tillegg var kontrollutvalet sterkt medverkande til at Austrheim kommune urettmessig fekk mykje negativ medieomtale, og det kan heller ikkje aksepterast i framtida», heiter det i eposten frå ordføraren.

Les heile saka i Strilen »