Kontrollutvalet har diskutert saka.

Bakgrunnen for at kontrollutvalet i Hareid diskuterte dette er at fylkeskommunen for ei tid tilbake sende ut ein e-post til ordførar og rådmann om refusjonssøknad. E-posten vart sendt ein torsdag med frist for å søkje om refusjon på mandag. Korkje ordførar eller rådmann sjekka e-posten slik at fristen gjekk ut. Konsekvensen var at Hareid kommune tapte eit beløp i storleiken 300 000-400 000 kroner.

Ordføraren var oppteken med andre verv dei aktuelle dagane. Kontrollutvalet veit ikkje kvifor rådmannen ikkje sjekka e-posten sin dei aktuelle dagane. Kontrollutvalet stiller spørsmål ved kor mange verv ein ordførar som er tilsett på fulltid kan ha. Dette er ei prinsippsak, og det er kommunestyret som må legge føringane her, står det i referatet frå kontrollutvalet.

Les heile saka i Vikebladet »