Ingen tenkte på å ta med V eller Frp i forhandlingane om kontrollutvalet. Opposisjonspartiet Høgre er heilt ute.

– Ingen ideell situasjon. Dette burde vore løyst på ein betre måte, seier Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret i Sauda.

Høgre var tilbode to plasser i kontrollutvalet, ønska tre, men enda opp med null.

Samarbeidsklimaet i det nye kommunestyret fekk ein noko dårleg start då medlemmane til kontrollutvalet skulle velgast i det konstituerande møtet. 

Senterpartiet hadde på førehand tilbode opposisjonspartiet Høgre to av dei fem plassane i utvalet, inkludert leiarvervet. Høgre meinte at dei, som einaste opposisjonsparti, bør ha fleirtalet i utvalet. 

Debattinnlegg og gruppeleiardiskusjonar førte ikkje fram, verken den eine eller andre vegen. Til slutt foreslo ordføraren fem kandidatar til utvalet. Ingen av desse var frå partiet Høgre. Forslaget blei vedtatt mot stemma til ordføraren.

Les heile saka i Ryfylke