Revisor er klar på at utbetalinga Lærdal kommune gjorde i 2015 til turlaget vart gjort feil.

Kontrollutvalet vedtok samrøystes at det bør setjast i verk tiltak for at turlaget tilbakebetalar kommunen dei 210 323 kronene. Vedtaket inneheldt to moment; for det første at pengane bør betalast tilbake, for det andre at det bør koma opp ei forklaring frå administrasjonen på kvifor pengane vart utbetalt til turlaget i første omgang.

Saka gjeld 210 323 kroner som Lærdal kommune betalte til Lærdal turlag i 2015 for at laget skulle ferdigstilla turskiltprosjektet – eit nasjonalt prosjekt for merking og skilting av turvegar.

Les heile saka i Porten.no »