Radøy sitt kontrollutval ser ikkje per i dag grunn til å ta oppatt salet av Hordabøheimen, der rådmann og ordførar er anklaga og nyleg også anmelde for korrupsjon.

– Me ser oss ferdige med den saka inntil vidare, seier leiar Arild Tveranger (Frp) etter utvalet sitt møte.

Der orienterte Tveranger om behandlinga av salet av Hordabøheimen i kontrollutvalet i september 2013. Han var leiar då utvalet også den gong ikkje fann noko kritikkverdig ved at bygget vart seld til Radøy Bemanning AS for 4,1 millionar kroner, som var høgaste innleverte bod. Noverande utval sitt samrøystes vedtak var å takka for orienteringa.

Les heile saka i Strilen