Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune er ikkje nøgd med informasjonen som har vore gitt i Fjord1-saka.

Utvalet gjorde eit vedtak som skal sikre at informasjon om eigarskap i framtida blir dokumentert.

Leiaren i utvalet, Arve Mjømen frå Høgre, meiner det er mykje å lære av den mangelfulle informasjonsflyten i Fjord1-saka.

– Det viktigaste er at vi tek lærdom av ei slik sak, der nokon påstår at dei ikkje har fått informasjon, og nokon seier dei har gitt informasjon. Her manglar det notat og protokollering som absolutt kunne ha avverga denne situasjonen. Protokolleringa kunne gjerne ha vore unnateke frå offentleggjering.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane