Kontrollutvalet i Ålesund kjem også til å sjekke dei andre etatane i kommunen etter Bingsa-saka.

Utvalet ser ikkje bort frå at det kan kome nye avsløringar. – Kontrollutvalet er alltid på vakt, vi vil setje i verk nødvendige kontrollar og ettersyn, også av andre etatar, slår utvalsleiaren fast.

Han håper alt er kome for dagen, men seier han ikkje kan vere sikker. – Eg håper at administrasjonen og kommunen har kontroll, slik at vi ikkje blir klar over nye forhold. Rådmannen har vore streng, saman med kontrollutvalet, og sendt ut tydelege signal på at dette er uakseptabelt. Då forventar vi at det ikkje kjem nye episodar, men heilt sikre kan vi ikkje vere, seier han.

Les heile saka i Nrk Møre og Romsdal »