Kontrollutvalet i Sogndal treng endå fleire dagar på å kome seg gjennom den omfattande rapporten om Sogn barnevern.

– Vi må halde fram arbeidet med å lese gjennom forvaltningsrevisjonsrapporten, og difor har vi sett av ein ny dag, seier leiar i kontrollutvalet.

Det har vore mykje turbulens i Sogn barnevern sidan det vart oppretta i 2008. Spesielt arbeidsmiljøet har vore gjenstand for mykje av turbulensen. Kommunen og leiinga har måtte tole mykje kritikk for måten dei har handtert problema på. Også frå granskarane.

Rapporten er hemmelegstempla, og førebels har berre leiinga i kommunen og dei folkevalde fått lese den. Kommunestyret har bede kontrollutvalet lese, svare på ein del spørsmål og kome med ei tilråding til kva som må skje i kjølvatnet av rapporten. 

– Det er altfor tidleg å trekke ein konklusjon. Vi har jo fått eit konkret oppdrag frå kommunestyret, og det er jo ein del spørsmål dei vil ha svar på. Og det prøver vi no å gi ved å lese gjennom rapporten, seier utvalsleiaren.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »