Kommunerevisjonen og eksterne granskarar skal inn i korrupsjonssaka i Drammen. Anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency seier kontrollrutinar i norske kommunar stadig bør betrast.

– Både internasjonale studiar og undersøkingar som er gjort i Norge viser at byggesektoren er høgt oppe på lista over det som handlar om korrupsjon. Det er nok fordi det ofte er store pengar inne i bildet. Det seier spesialrådgivar Tor Døvik i anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency International Norge. 

– Vi får meldingar som ofte handlar om prosessen rundt byggeløyve. Da lurer folk på kva som er lov og ikkje lov, fordi prosessen verker lite gjennomsiktig. Og i mange norske kommunar sit enkeltpersonar og forvaltar stor myndigheit. Folk kan tvile på deira dømekraft. Dei er då også sårbare for påverknad.

– Det er viktig med opne faglege samtalar i avdelingane, at saksbehandlarar ikkje jobbar med dei same utbyggarane, eller områda i kommunen. Den interne kontrollen bør vere sterk.

Les heile saka i Nrk Buskerud