Trass i at leiaren i kontrollutvalet har bede om det, vil ikkje fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane utlevere vedlegg i samband med konsulentane sine Fjord1-utgifter.

Det går fram av fylkesrådmannen sitt saksframlegg til møtet i kontrollutvalet 3. mars. Fylkeskommunen har betalt ut 300.000 kroner til konsulentane, utan å krevje innsyn i bilag. Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne reagerer sterkt. – Det skulle no berre mangle i ei så betent sak som Fjord1-saka. Alle partane ville tene på at det no vart laga eit openheitsregime, og at ein ikkje prøver å skjule dokument, som kontrollutvalet i dette tilfelle bed om, som seier Malkenes.

Leiaren i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp), sende i byrjinga av februar eit brev til fylkesrådmannen, der han mellom anna bad om at alle vedlegg blir lagde fram til møtet i kontrollutvalet 3. mars. Men dette vil ikkje skje. I utgreiinga skriv fylkesrådmannen at fylkeskommunen som rutine ikkje krev vedlegg eller underbilag ved tilsvarande utbetaling til andre leverandørar, til dømes frå advokatfirma.

Les heile saka i Nrk Sogn og Fjordane »