No er opplysningane publiserte på regjeringa.no

13. mars 2024

Registeret for statssekretærar og politiske rådgjevarar sine verv og økonomiske interesser skal sikre openheit om deira ulike verv og økonomiske interesser, til dømes fast eigedom, selskapsinteresser og styreverv i private og offentlege selskap eller interesseorganisasjonar.

– Openheit om verv og økonomiske interesser er ein heilt sentral verdi i eit demokratisk samfunn. Med dette registeret følgjer vi opp tilrådinga frå Europarådets antikorrupsjonsorgan og legg betre til rette for at innbyggarane kan ha tillit til politikarane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Registeret er tilgjengeleg her: Verv og økonomiske interesser – regjeringen.no.

Registeret for stortingsrepresentantane og medlemmene i regjeringa sine verv og økonomiske interesser er tilgjengeleg på Stortinget sine nettsider.

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) fører registeret for statssekretærar og politiske rådgjevarar. DSS skal sørge for å publisere oppdateringar i registeret minst kvar annan veke.

Kilde: regjeringen.no